Oppdatering?

Siste stunda på folkehøgskule..

Mini-juleafta med alle jentene i klassa ♥

Konsert i Grieghallen..




Maskeradeball!







Søndagstur i sola ♥

Var sigøyner heks på musikal..

Festa ♥

Konsert med Sondre Lerche!



På onsdag var eg på Kaizers Orchestra konsert og, utrulig bra! Har hatt vinterferie i 2 og ein halv dag no, og gledar meg berre til å komme tilbake til folkehøgskule!

Mind your gap!

Folkehøgskule er fortsatt so fantastisk at det er null tid til noke som kallast blogging. No har eg og Caroline Kaizers party på rommet! Gleda meg til Kaizers konsert i februar!!

Forrige veke drog eg med musikklassa til Liverpool og London. Konsertar, musikalar, ein utruleg bra hard-rock/metall konsert!, shopping, luksusleilighet, resturang, hyperhet, deling av dyne, sightseeing, Beatles-museum, +++ Alt i alt en fantastisk tur!



















Livet på FHS i bilder

- Dolly i Bergen sentrum.


-Rebusløp i Bergen sentrum.

- Fest i Bergen sentrum.



-"Piknik"-kos.



-Musikk timar.

- Toga elevkveld.

-Turar.

Rommet

Har gått på folkehøgskule i fire veker no, og rommet byrjar å føles heimekoslig. Blogging ligg nederst på lista over ting å gjer på, så eg veit ikkje om bloggen blir opprettholdt. Eg havna på rom i lag med mi kjære Malene, og det funka ganske so supert! Fekk midi-keyboard og studioprogram for ikkje lenge sida, lykke! Folkehøgskule er ganske kort og godt forklart: FANTASTISK.






Malene og eg, nerdeutkledning første veka.

Flytting

Hei hei! Detta vert det siste innlegget mitt før eg flyttar for første gong i mitt liv. Min nye heim blir på Nordhordland folkehøgskule i Bergen, der eg skal gå linja scene - studio - band. Alt er så godt som snart pakka og klart, og eg har vore klar altfor lenge no, so meg er det berre å hive i bilen i morra tidleg. Gleda meg kjempe masse! I dag har eg vore frivillig arbeidar på loppemarkedet, og skal snart ned att. Tida gjekk kjempe fort, som tyder på at eg hadde det kjekt! Skal ha litt kvalitetstid med fiskane mine i dag før eg reiser (altså vaske akvariet sidan det ikkje vart tid til dei andre dagane)!

To do's

Det her er ein slik gjer mest mulig før eg flyttar dag. Eg har forhåndsstemt på kommune- og fylkesvalget, veksla inn resept, levert inn jobbuniform og nøklar, laga album, ramma inn bileter, og diverse andre ærend. Straks skal eg hive meg rundt og vaske akvariet ein siste gong før eg flyttar, og shine opp rommet litt. Har du stemt?



Fine ting

  • Folkehøgskule om under ei veke, med musikk og synging
  • Fekk mac i posten for nokre veker sidan
  • Fiska to øretta, eine på over 1 kg

  • Sleepover med jentegjengen, minus Malene

  • True Blood episodar og bøker
  • Ny bok i Lysets Rike serien

Finnmark

Eg har vore ei veke i Finnmark, Finnland og Sverige med familien min. Der fiska eg laks, utan å få laks, men såg laks, lærte kor vanskelig det er å få laks, såg altfor mange reinsdyr, opplevde Nordkapp som eigentleg ikkje var noko særleg, kjørte kjempe mykje bil, sov i bil, såg på naturen og miljøet frå bil, sov i hytter og spelte kort, las bøker, handla billig i Finnland og Sverige, og stod tidlig opp kvar dag, alt i alt ein veldig kjekk tur!















Nature

I wanna leave my footprints in the sands of time

Know there was something that, and something that I left behind

When I leave this world, I'll leave no regrets

Leave something to remember, so they won't forget.

























Når eg var i Bremanger..

Fiskefinner

Det er ikkje alltid det er like enkelt å lage hol i bobla, men no skal eg sette i gang å pakke! I morra tar eg med meg fiskeskinnet, dei nye fiskefinnene og gjellene mine til Bremanger! Der eg skal vere resten av veka. Speilrefleksen, bobla og hiking-skoa mine skal sjølvsagt også få vere med! Utanom å sitte fast i lese-bobla i dag, har eg vore ein tur til frisøren, tatt litt bileter, vore på Holvikfossen, og stelt i huset til fiskane mine!

Every step counts

Dei siste dagane har eg oppbevart med på jobb eller i ei lese-boble. Visst noken lurte, så lese eg på Sagaen om Lysets Rike. På mandag kom Gunhild på besøk og var her heile dagen. I litt regn, gjekk vi på Holvikfossen, noke vi skjønnte ikkje var så lurt i det vi sklei og datt på veg ned igjen. Det var hvertfall ei utfordring om ikkje anna! Every step counts. Når vi var nedigjenkomne hadde eg fått pakke i posten, så då var det ut med speilrefleksane våre for å teste det nye stativet mitt, fekk prøvd meg med lang lukkertid på ett mykje stødigare underlag enn handa mi!

I og med at det regna katta og honda, vart det ikkje mange knipsa før vi sprang i ly. Heime og tørre fekk eg engasjert Gunhild i den spennande serien Pretty little liars. Som Gunhild sine ord: "Det går ikkje an å sjå berre en episode!" Følge du med på den serien?

No skal eg etter enda ein dag på jobb, på kino med Gunhild! Premiere på Harry Potter! Etter den positive overraskinga mi på del 1, håpa eg at denna er minst like bra!

Vennegjengen på tur

På mandag reiste eg til Bremanger sammen med tre av dei beste!

Der møtte vi Malene og koste oss alle fem i sommarhuset vårt fram til onsdag. Vi snorkla, grilla, hadde fotoshoot på Grotlesanden, såg film, åt god mat, spelte nintendo, og berre kosa oss! Fin avslutning med vennegjengen før vi kjem til å sjå kvarandre kjempe sjeldent!

Sangen vår på denna turen! Adele - someone like you.

Koslige frokostar!

Snorkling!

Grotlesanden..

Bremanger!

Sommarferien har hittil gått i jobbing, familie, grilling, altforlite soling, fjelltur og for ikkje å snakke om den fantastiske Avenged Sevenfold konserten, som hjernen min fortsatt leve på!

I morra reiser eg til Bremanger med tre av dei beste! Der ventar Malene og sommarhuset vårt på oss! Tross regnet som er meldt, skal eg nokk våge meg på bading med våtdrakt, og snorkle! Gleda meg kjempe masse til å sjå heile gjengen ein siste gang samla før vi fær til kvar vår kant! bortsett frå Malene som eg skal gå på folkehøgskule og kanskje bu i lag med. Glad i dokke! ♥




Utstikta frå huset i Bremanger!

AVENGED SEVENFOLD!

Eg gjennoppleve det i haudet mitt, om att og om att, Avenged Sevenfold konserten var FANTASTISK! Vi reiste til Bergen på laurdag, drog ut og festa, og vidare på Friday's på søndagen før konserten!








Videoklipp frå konserten!:

video:avenged sevenfold konsertwmv v9


Avslutning og Avenged Sevenfold!

På torsdag hadde vi avslutningsfest! Trist at tre år på vidaregåande no er ferdig, men samtidig gleda eg meg til folkehøgskule! Først var klassa samla med lærerane, så drog eg og sang på musikal-konsert, min aller siste konsert her på kulturskulen, før vors og vidare fest med alle 3 klassingane!

I dag reiser eg, Lena og Ragnhild til Bergen, for å skrike vekk stemmene våras på AVENGED SEVENFOLD konsert i morra!!



Roadtrip i veit-ikkje land

Eg er ferdig på vidaregåande! FANTASTISK! Etter å ha ropt og dansa ut lykken vår, og feira på kafé, drog eg, Lena og Kjartan på roadtrip! Og likevell etter over 18år eg har budd på Sandane klarte vi å ende opp ein plass eg aldri har sett eller hørt om før!



Jey for randomness! Ferjerute, NAF bok og refleks!





Sommar for ein dag

og eg sit inne å lese til eksamen!.. for det meste hvertfall!







Eksamen på eksamen!

På onsdag var den aller siste gongen eg fekk danse ballett, moderne og jazz. Hvertfall på vidaregåande. Ganske trist! Hadde eksamen, og dagen etterpå var eg so heldig å komme opp i enda en eksamen! Norsk eksamen, med tanke på at vi derfor får 5 daga i staden for 48 timar forbereding, var jo det ganske greit! Likte igrunnen oppgåva òg. Så i går sat eg og to andre å jobba med eksamen frå 10 til 9! Med unntak av taco, og litt userriøst tull. Gler meg ubeskrivelig mykje til ferie og folkehøgskule på Nordhordland! med null lekser og eksamena! Har stått lenge på venteliste der, men kom endeleg inn for nokre veker sidan, musikk scene-studio-band.

Tid









Detta har eg hatt lyst til å gjere lenge no, hive på meg speilrefleksen og gå ut i regnet! Det har hølja ned kvar dag, men eg har måtte såtte i senga fem dagar i strekk for å lese til eksamen. No derimot er eksamen ferdig og eg har endelig tid til alt mulig! Snart skal eg på fjelltur!

Russetida 2011!

Den siste russetida (som ikkje har vore nemnt) har eg brukt til å


feste! natt til 1.Mai,
















Fylkestreff på Breim!




16. Mai, feira Kristianne sin 20års dag!


grille!


telte på skulen og andre russeknutar!


og diverse anna tull!

17.Mai! Trist at russetida er ferdig, samtidig som det skal bli godt å få tilbake søvnen! Allerede neste veke begynne eksamenane! Ææh.

5 day in London!

Laurdagen tok vi det berre max chill. Vi hadde stressa ganske mykje kvar dag, fordi det var så mykje vi ville oppleve, så då var det godt å berre ta det rolig. Vi starta dagen med å kjøpe Starbucks kaffe, som virkelig var altfor varm! og satte oss i Green Park for å sole oss.

 





Vi såg Buckingham Palace, Big Ben og London Eye.

 







Fekk handla billige Redken hårprodukt, og gjekk gjennom heile Hyde Park tross noken tre par sviande føter, fram til eg og Lena fekk allergianfall av alle plantane.

 

Vi reiste tilbake til gata vår, satte oss på fish & chips restaurant, såg på lynet og hørte på torden. Det virkelig hølja ned. Då var det deilig å legge seg på hotellrommet og sjå på morsomme britiske tv-program.


Litt turning måtte til og!

Dagen etter vart det sol att, og vi tok turen til Heathrow med ein gong vi våkna, heim att til Norge, der vi irriterte oss over at vi ikkje kunne seie høgt det vi ville lengre.. Lengtar tilbake! ♥


Sletne på Heathrow.

Anita 19år!

Russetid er virkelig travelt, samtidig som det er fantastisk kjekt! Det skjer noke heile tida, og eg kan sikkert telle timane eg har vore heime på to hender. Synd at det er sopass lite tid igjen! I dag krabba vi frå skulen til Heradshuset, som er ett par hundre meter, og no skal eg snart på fylkestreff!

På onsdag fylte Anita 19år, så då feira vi ho med taco, masse tull, film og anna godt!

Fine bursdagsbarnet!



4 day in London!

I samme gate som vi budde i låg det tredje største shopping senteret i Storbritannia. Og det var virkelig ENORMT. Der klipte Malene seg kort, og vi shoppa så mykje vi rakk før vi måtte hive i oss kinesisk take away, og nærmast springe til The Lyceum Theater. Då var det kjekt å spørre ein fyr etter vegen som sikkert brukte fem minutt på å forklare vegen opp att og opp att på ulike måtar, got it the first time liksom.. Der skulle vi sjå The Lion King musikalen, og den var fantastisk!







Fine nyklipte Malene!

3 day in London!

Torsdagen drog heile gjengen til Camden Market og handla og pruta. Etterpå vart det vidare handling i Oxford Street. Primark var ein heilt forferdelig opplevelse. Varmt, klamt, stappa med folk og generelt ubehagelig! Då var det godt å sette seg ned på ein vaffel kafé etterpå. På kvelden drog vi på diskoteket Fabric, og det var virkelig ein opplevelse! der hadde dei skinn-senger, og ein fantastisk artig opptreden med ett band som kalte seg drugs, og sannsynligvis gjekk på dop og. Sangaren enda til slutt opp i truse, rulleskøyter og hoppa ut i spagaten. Kjem aldri til å gløyme den opptredenen!




Camden Market!

2 day in London!

Onsdagen starta vi med frokost ute på ein koseleg kafé! Kelneren var kjempe koseleg og ville vere med på bilete, gratis brownies kake fekk vi òg!

 

Etterpå drog vi vidare på Madame Tussauds! Der menga vi oss med kule "kjendisar" og fekk banke Hitler! Vi var også i vokskabinettet der skodespelerane omtrent traff oss i fleisen, og vi hylte heile vegen.

 

Utanfor møtte vi Rakel og Yvonne, kjøpte oss is og satte oss i Regent's Park for å slappe av!


der var det eit ekkorn som gjekk og traska..!

, der var det fine blomster!








og mjukt gras..

Så stod London Dungeon for tur, og det var igrunnen ganske skuffande, altfor langdryg og ikkje særleg skummelt. På kvelden tok vi oss turen på bar, før siste undergrunnstoget og senga venta på oss!





MÅNEDENS; April!

Månedens pluss:

- russetid!

- LONDON ♥

- grilling

- sol og varme ♥

- fest

 

Månedens filmar:



Hjelp vi er russ - einaste filmen denna måneden, den fekk meg til å le!

Månedens musikk:

A Perfect Circle - 3 libras

Albummet Rush av Anna Abreu.

Stereo

 

Ferien i London!

Tysdag i forrige veke reiste eg, Malene og Lena til London! tenkte eg skulle skrive om kvar dag her på bloggen. Det første vi fekk vete når vi kom til flyplassen var at flyet var forsinka nesten 2 tima, GREAT! tenkte vi og slo oss ned i ein sofa på flyplasskaféen, og gjorde alt for å få tida til å gå. Endeleg framkomne gjekk vi på leit etter hotellet, før vi satte oss ned på ein pizzarestaurant, som vi trur egentlig skulle til å stenge. Hotellet vil eg ikkje akkuratt anbefale siden ein kjente fjørene stikke enn litt her og der, og ein nærmast måtte klatre for å komme seg inn og rundt omkring på hotellrommet, men det var igrunnen heilt greit nokk for oss!

 

Freshe på flyplassen.

Russetiiid!

Dei siste dagane har gått kjempe fort, og eg har ikkje vore heime anna enn for å sove. Russetid er supert! I forgårs vart det spontan grillparty og drikking etter skulen, som utvikla seg til ein super dag! I går vart vi liggande ved sjøen og sole og kose oss i lange stunder, før eg, Malene, Marte og Heidi tok russeknutar! Satte oss inn i ein framand sin bil på ferja utan sjåfør, kjørte ti gongar rundt i rundkjøring og diverse andre knutar! I dag blir det natt til 1.mai feiring i Førde, gler meg!

 













London baby!

I morra er dagen her! Dagen eg reiser til London i lag med Malene og Lena, sidan Rakel og Yvonne allerede er framkomne. Det kjem til å bli 7 hærlige dagar!

Dagen i dag har eg brukt sammen med Gunhild, SOL, varme, bil, speilrefleksen, god mat, pakking, og som sagt NYDELIG VÊR! Føle det er sommar allereide, og i London ventar heile 23 grader på oss! ♥





Fiskane mine

Første dagen i ferien har gått til å vaske akvariet, og photoshoot med dei fleste av fiskane mine!









Russedåp!

I går var det tid for at vi skulle døypast, til russa! Eg vart døypt til "syngesyndrom". Kvelden var fantastisk, og eg er klar som ett egg til å vere russ no, skal berre ha ferie og reise til London først! 3 1/2 daga igjen no! ♥









..som ein unge!

EI VEKE igjen til London i dag! Turen kan ikkje bli noke anna enn fantastisk og eg gler meg som ein liten onge! Endeleg ferdig med DIP-heildagsprøva som vi har arbeida intenst med den siste veka! Etter å ha vore på skulen heile dagen i går, og med loggskriving og alt for lite søvn i natt, er det hærleg å vere ferdig! No har eg vore hos Malene, tulla mykje og sett Pride & Prejudice, utruleg nokk hadde ho aldri sett den før, eg har ikkje ein gong tal på kor mange gangar eg har sett den! I morra skal eg på kino og sjå Malene på storlerret! Ho var nemlig statist og stand in i filmen Hjelp, vi er russ! Ei stk. stolt Vilde!

Malene og eg glade som nokre ungar!



Rain..

Før vi drog i dansesalen for å øve til heildag, tok vi oss ein tur på restaurant og åt pizza! No har eg stilt meg inn på helge-modus og ser fram til å ikkje gjere anna enn å slappe av, litt husarbeid, data-teknologiske ting og diverse resten av dagen og morgendagen! Hærleg!







London planlegging!

I går var det 1 veke og 4 dagar att til London turen, så då samla vi alle for å planlegge! Pluss to som ikkje skal vere med. Vi lagde taco og koste oss!

Noken av planane:

- Madame Toussaud's

- Starbucks kaffe!

- Shopping ♥

- Lunsj i park

- London Dungeon

- Camden Market

- Musikal!

- Fish & chips!

Har du vore i London?

Time to relax

Time to relax (trykk) albummet må vere noko av det mest fantastiske som nokon gong har vorte laga! Musikk instrumentalane er mange, og kjempe fine! Eg oppdagar stadig nye favorittar! No har eg nettopp komt heim frå noken timars trening i dansesalane, med presstøying og danse komponering til heildagsprøva i DIP. Sjølv om vi berre var to frå gruppa som møtte opp, fekk vi gjort kjempe mykje! No står religion og humanisme å venta bak døra på meg!

Ei stk. fornøgd Vilde fordi gjennopprettinga av dataen i går var vellukka!

Les mer i arkivet » Februar 2012 » November 2011 » Oktober 2011

Vilde

19, Gloppen

Kategoriar